SNOMED CT er utvikla av helsepersonell for bruk på tvers av profesjonsgrupper, og inneheld over 350.000 omgrep. Terminologien er maskinlesbar, noko som bidreg til betre utveksling og gjenbruk av data.
Fakta om SNOMED CT
SNOMED CT
- er ein internasjonal terminologi som i dag blir brukt i over 40 land, mellom annea i USA, Storbritannia, Irland, Sverige, Nederland, Belgia, Spania, Tyskland, Argentina og Australia.
- er den mest omfattande kliniske terminologien på marknaden i dag. Terminologien er samansett av over 360.000 omgrep (fagord) som omfattar mellom anna anatomi, funn, diagnosar, intervensjonar, lækjemiddel og substansar.
- er organisert i eit hierarki som omfattar helt overordna, generelle omgrep som t.d. hjartesykdom til svært detaljerte beskrivingar av hjarteinfarkt.
- inneheld omgrep som blir definert gjennom relasjonar til andre omgrep.
- blir oppdatert ofte med nye omgreper basert på kliniske behov.
- gjer det mogleg for helsepersonell å beskrive tilstanden til pasienten og behandling så presist som naudsynt og mogleg
Retningslinjene for bruk av SNOMED CT i Norge
Direktoratet for e-helse anbefaler at SNOMED CT skal vurderes brukt som helsefaglig terminologi ved anskaffelse eller videreutvikling av e-helseløsninger med behov for terminologi.