Norsk versjon av SNOMED CT
Den norske versjonen av SNOMED CT består av eit utval av omgrep frå den internasjonale versjonen som er omsett til bokmål. I tillegg er nokre særnorske omgrep lagt til for å dekkje nasjonale behov.
Det er medisinske fagekspertar innan ulike fagfelt som har vurdert og valt ut kva SNOMED CT-omgrep som skal vere med i den norske versjonen av SNOMED CT. Utvalet baserer seg hovudsakleg på ICD-10-kodar som er rapporterte minst éin gong dei siste tre åra i Helse Midt-Noreg.
Fleire omgrep har også vorte lagt basert på andre behov, til dømes frå Kreftregisteret og pleieplanar.
Den norske versjonen av SNOMED CT består no av ca. ein tredel av den internasjonale versjonen av SNOMED CT. Ein liten del er omsett til nynorsk.
Den norske versjonen blir jamleg oppdatert med nytt innhald av Direktoratet for e-helse.
Utvalet av omgrep vil tilpassast etter kvart som andre behov skulle melde seg.
Den norske versjonen av SNOMED CT inneheld fleire såkalla referansesett.