Handbok i omsetjing v. 1.3
Den norske versjonen av SNOMED CT inneheld først og fremst omgrep frå den internasjonale versjonen som har blitt omsett til norsk. Omsetjingsarbeidet har blitt gjort i samsvar med etablerte prinsipp i Handbok i omsetjing av SNOMED CT til norsk. Det skal gje termar som er presise, konsistente og attkjennande for helsepersonell.
Språket i medisisnke tekstar i fagbøker, tidsskrift og rettleiarar har blitt analysert og brukt i omsetjingsarbeidet.
Ei rekkje synonym har blitt lagt til å for å spegle den språklege variasjonen i medisinsk fagspråk og gjere det enklare for helsepersonell å finne rett omgrep.
Alle omsetjingane har blitt gjennomgått av klinikarar for å sikre kvaliteten. Hovuddelen av omsetjingane blei gjort av Helseplattformen AS i programmet Felles språk.
Eit nasjonalt redaksjonsutval med bakgrunn i medisin, sjukepleie, terminologi, språkteknologi, omsetjing og helsekommunikasjon har gitt råd undervegs i omsetjingsarbeidet.
Vedlegg
Håndbok i oversettelse v. 1.3 (PDF)
Nasjonalt redaksjonsutvalg: Mandat og medlemmer (PDF)