Referansesett i SNOMED CT
Eit referansesett er eit avgrensa utval av SNOMED CT tilpassa ein spesifikk brukssitusjon.
I Noreg nyttar vi fleire referansesett, mellom anna:
Nasjonalt referansesett for funn og diagnosar
Referansesettet er samansett av omgrep brukt til å beskrive kliniske funn og diagnosar for spesialisthelsetenesta basert hovedsakleg på ICD- 10-kodar som er rapportert minst éin gong dei siste tre årea i Helse Midt-Noreg.
Referansesett for primærhelsetenesta
Referansesettet for primærhelsetenesta er eit mindre utval av den norske versjonen, ca. 3300 omgrep. Utvalet er gjort av allmennlegar med utgangspunkt i kodeverket ICPC-2. Referansesettet har også nokre språklege val for å spegle språkbruken i primærhelsetenesta.
Referansesett for nasjonale rettleiande planar
Referansesett for nasjonale rettleiande planar er samanett av eit utval omgrep i fleire behandlingsplanar som blir brukt av sjukepleiarar på tvers av dei ulike helseføretaka, t.d. plan for diabetes, plan for lungekreft og plan for rus.
Referansesett for Nasjonalt kvalitetsregister for tjukk- og endetarmskreft
Referansesettet er samansett av i overkant av 2000 omgrep og skal nyttast for å automatisere rapportering fra Helseplattformen til kvalitetsregisteret.
Det finst fleire referansesett for andre kvalitetsregister i Kreftregisteret med liknande føremål.