Hopp til hovedinnhold

Leiars melding

Vi har gode helse- og omsorgstenester i Noreg, og vi er på veg mot målet om Éin innbyggjar - éin journal. Helsepersonell skal ha enkel og sikker tilgang til pasientopplysningar og data skal vere tilgjengeleg for kvalitetsforbetring og forsking. Samtidig skal innbyggjarane ha tilgang på enkle og sikre digitale tenester.

Digitalisering er avgjerande for å sikre eit trygt og berekraftig helsevesen. Direktoratet for e-helse har ei sentral rolle i arbeidet med å nå dei overordna helse- og omsorgspolitiske måla om å levere gode, likeverdig og berekraftig helse- og omsorgstenester. Vi skal leggje til rette for nasjonal samordning og ei heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling. Saman med alle aktørane i sektoren jobbar vi for heilskaplege, trygge og nyskapande tenester som fremjar helse og meistring.

Innbyggjarane og helsepersonell har lagt ned ein formidabel innsats og vist ei enorm omstillingsevne gjennom pandemien. Koronapandemien understrekar kor viktig det er med gode digitale tenester. Vi ser at både kommunar, helseaktørar og næringsliv har bidrege til utvikling og innføring av nye innovative løysingar. Kjernejournal og helsenorge.no har spelt nøkkelrollar i pandemibekjempinga og innbyggjarane har teke i bruk digitale tenester både på nye område og i aukande omfang

I 2021 fastsette vi ein endringsagenda for direktoratet som gir ei tydeleg retning for den vidare utviklinga til direktoratet. Brukarbehova skal stå i sentrum i alt arbeid direktoratet gjennomfører. Direktoratet skal byggje tillit og opplevast som eit talerøyr for heile sektoren. Vi skal arbeide for føreseieleg nasjonal e-helseutvikling og auka gjennomføringskraft. Direktoratet skal ha auka merksemd på nyttestyring og felles retning på porteføljen av digitaliseringsprogram i sektoren. Vi skal tydeleggjere styresmaktsrolla vår og innta ei mindre operativ rolle i gjennomføringa av program. Gjennom kompetanseutvikling og rekruttering, skal vi sørgje for at direktoratet har rett kompetanse til å løyse oppgåvene i dag og i framtida og behalde vår posisjon som ein attraktiv arbeidsplass. Endringsagendaen skal bidra til å realisere måla som er sette på e-helsefeltet.

Riksrevisjonen offentleggjorde konklusjonane sine frå to undersøkingar knytt til Direktoratet for ehelse i slutten av juni i 2021. Den eine handlar om Helse- og omsorgsdepartementets og Direktoratet for e-helses styring av Éin innbyggjar – éin journal, den andre om innkjøp av konsulenttenester i direktoratet

Oppfølging av Riksrevisjonens undersøkingar har stått sentralt i arbeidet til direktoratet i 2021. Det skal gjelde høge krav til både styring av digitaliseringsprosjekt og innkjøp i offentleg sektor. Og skal vi lykkast med digitaliseringa av helse- og omsorgssektoren, er vi er avhengige av tillit frå samfunnet og eit godt samarbeid med alle som blir omfatta. Konklusjonane frå Riksrevisjonen blir derfor tekne på største alvor i direktoratet, og vi er einige i tilrådingane deira.

Direktoratet leverte hausten 2021 ein rapport til Helse- og omsorgsdepartementet som oppsummerer evalueringa av den nasjonale styringsmodellen på e-helseområdet i dag. Rapporten foreslår korleis styringsmodellen kan vidareutviklast for å vareta heilskapleg og i størst mogleg grad forpliktande e-helseutvikling. I forslaget blir det lagt vekt på at styringsmodellen skal vere eit verktøy for auka gjennomføringsevne gjennom drøfting av felles prioriteringar, oppfølging av felles planar og utfordringar for e-helsetiltak som er i gang. Modellen skal bidra til å sikre breitt forankra prosessar, og til at både departementet og direktoratet har ein tilstrekkeleg god oversikt over behova og prioriteringane i sektoren. Vinteren 2022 er forslaget sendt på offentleg høyring.

Arbeidet med å gjennomføre Program pasientens legemiddelliste i samsvar med plan, har høg prioritet hos alle aktørane i sektoren og i direktoratet. Formålet med programmet er å realisere ei felles legemiddelliste på tvers av omsorgsnivåa. Helsepersonell bruker mykje tid på å finne ut kva legemiddel pasientane bruker. Dei har behov for ei felles, oppdatert oversikt over legemidla til pasienten. Når legemiddelinformasjon blir delt digitalt i helsetenesta, vil det gi auka kvalitet på legemiddellista og frigjere meir tid til pasientbehandling.

Pasientens legemiddelliste blir gradvis realisert gjennom fleire tiltak. Hausten 2021 starta utprøvinga av Pasientens legemiddelliste i Helse Vest RHF og Bergen. Dette var ein svært viktig milepæl i programmet. Erfaringane frå utprøvinga vil vere avgjerande for vidare innføring nasjonalt. Tiltak knytt til kvalitet i e-resept, utprøving og innføring av elektronisk multidose, og innføring av kjernejournal i pleie og omsorgstenesta er også i gang. I løpet av 2021 har pleie- og omsorgstenesta i rundt 100 kommunar fått tilgang på kjernejournal. Tilbakemeldingane er svært positive. Fleire leverandørar tilbyr no e-multidose og rundt 80 legekontor nyttar den nye løysinga. Norsk helsenett SF har lansert første versjon av sentral forskrivningsmodul, som skal bli ein felles legemiddelmodul på tvers av helsetenesta. Den blir no prøvd ut ved to legekontor. Pasientens legemiddelliste er svært etterspurt av helsetenesta. Realisering av programmet er komplekst og omfattar mange brukarar, men arbeidet er i samsvar med plan og vil ha fullt fokus i direktoratet framover.

Hausten 2021 leverte direktoratet rapporten Samarbeid med næringslivet på e-helseområdet: anbefaling om bruk av forskning, innovasjon og næringsutvikling for å styrke gjennomføringskraften[1]. Rapporten slår fast at e-helseområdet treng betre samarbeid mellom det offentlege og private, og peikar på ei rekkje utfordringar som må løysast. Eit av hovudproblema er at mange prosjekt strandar på pilotstadiet. Ein av fleire konkrete tilrådingar i rapporten er å styrkje entreprenørskap og leggje til rette for rammevilkår som sikrar innkjøp av vellykka pilotar ved innovative kjøp.

Når det gjeld arbeidet med innkjøp av konsulenttenester, har direktoratet jobba systematisk med fleire forbetringstiltak. Dette arbeidet har gått føre seg frå august 2020. Forbetringsarbeidet er vidareført og styrkt gjennom 2021. I 2021 har vi også jobba med å styrkje direktoratet sin eigen kjernekompetanse, og det er tilsett om lag 60 nye medarbeidarar.

Våren 2021 starta arbeidet med ny nasjonal e-helsestrategi, som skal gjelde frå 2023. Strategien skal bidra til auka gjennomføringsevne på e-helseområdet. Den skal være førande for vegval og prioriteringar, og bidra til å skape felles retning og føreseielegheit for digitaliseringsarbeidet i helsetenesta. Direktoratet for e-helse har ansvaret for å fasilitere utviklinga av strategien. Den skal gjelde for heile sektoren. Strategien blir derfor utvikle i samarbeid med dei ulike aktørane i helse- og omsorgssektoren. Strategien skal bli tydelegare og gi eit betre utgangspunkt for prioritering og sikre ei heilskapleg og i størst mogleg grad forpliktande e-helseutvikling. Den skal leggje grunnlaget for ei utvikling som set innbyggjar, pasient og pårørande i sentrum og bidra til å gi helsepersonell ein enklare arbeidskvardag. Etter planen skal utkast til strategi sendast på høyring i slutten av mai 2022.

I 2021 har strategiarbeidet handla mykje om å få på plass eit solid kunnskapsgrunnlag. Arbeidet har vore basert på brei involvering og består av ein nosituasjonsanalyse og ein scenarioanalyse. Meir enn 50 ulike organisasjonar som representerer ulike delar av helse- og omsorgssektoren, har vore involverte, deriblant pasient- og brukarforeiningar, helsepersonell, forskingsmiljø og næringsliv. Dette bidreg til at den nye strategien er tufta på kunnskapen til dei som kjenner behova best.

Arbeidet med Program digital samhandling er eit sentralt bidrag i arbeidet med føreseieleg nasjonal e-helseutvikling og auka gjennomføringskraft. Kjernen i programmet er å leggje til rette for at innbyggjarane og helsepersonell kan utveksle informasjon digitalt. Gjennom betre informasjonsflyt på tvers av helsetenesta, skaper vi eit enklare og tryggare Helse-Noreg. Programmet blir gjennomført stegvis, med kontinuerlege leveransar som bidreg til betre samhandling i helse- og omsorgstenesta. I første steg av programmet skal Direktoratet for e-helse, i samarbeid med Norsk Helsenett SF og sektor, vidareutvikle løysingar for trygg og sikker informasjonsdeling, etablere ei nasjonal informasjonsteneste for oppslag av laboratorie- og radiologisvar og dessutan planleggje for neste steg i programmet. Samhandlingsplattforma blir det digitale navet som legg til rette for informasjonsutveksling og godt samarbeid mellom dei ulike omsorgsnivåa i heile pasientforløpet.

Etablering av og vidareutvikling av digitale løysningar står sentralt i Program digital samhandling. Samtidig er det viktig å understreke at digitalisering handlar om langt meir enn teknologi og utvikling av løysingar. Digitalisering handlar mest om å innføre nye måtar å jobbe på, om menneskjer og organisasjonsendringar. For å kunne samhandle digitalt, må juridiske føresetnader, avtalemessige forhold, bruk av omgrep og tekniske grensesnitt tilpassast, endrast og fungere saman.

Kodeverk og felles terminologi er ein viktig del av fundamentet som legg til rette for nasjonale ehelseløysingar. Gjennom 2021 har direktoratet saman med Helseplattformen utvikla versjon 1 av felles språk basert på Snomed CT. Planen er å utvikle dette vidare og breidde det ut i heile landet.

Arbeidet med Helsedataprogrammet har vore høgt prioritert i direktoratet. I 2021 vart Helsedataservice etablert på Tynset. Helsedataservice skal gi god og profesjonell rettleiing til forskarane og vil få ei viktig rolle i saksbehandlinga som blir gjort felles for helseregistera. I 2022 skal det lanserast ei felles saksbehandlingsløysing som vil bidra til at behandlingstida for søknader om bruk av helsedata til sekundærbruk, går ned.

På slutten av fjoråret fatta Direktoratet for e-helse ei svært vanskeleg avgjerd. Utviklinga av Helseanalyseplattforma vart sett på pause. Bakgrunnen er i hovudsak juridiske utfordringar som følgje av Schrems II-dommen. Helseanalyseplattforma blir dermed ikkje lansert som planlagt i april 2022. Som ein konsekvens av avgjerda, vil Direktoratet for e-helse i 2022 vurdere alternative løysingar for å realisere data- og analysetenester på Helseanalyseplattforma. Sjølv om arbeidet med Helseanalyseplattforma er sett på pause, skal Direktoratet for e-helse jobbe vidare med å levere nytte for samfunnet frå dei investeringane som er gjort og dei løysingane som allereie er etablerte gjennom Helsedataprogrammet.

Eg vil takke alle aktørane i helse – og omsorgssektoren for godt samarbeid gjennom 2021. Eg er takknemleg for måten eg har vorte tatt imot på og for ein ærleg og open dialog. Det er lagt ned ein betydeleg innsats av mange i 2021, og 2022 blir eit viktig år for e-helsefeltet der vi skal byggje vidare på moglegheitene innan digitalisering for å skape vår felles helseteneste.

Oslo, 15. mars 2022

Mariann Hornnes Direktør for Direktoratet for e-helse

Fotnotar

[1] Rapport: Samarbeid med næringslivet på e-helseområdet: anbefaling om bruk av forskning, innovasjon og næringsutvikling for å styrke gjennomføringskraften

Gå videre til «Introduksjon til verksemda og hovudtal»