Om Direktoratet for e-helse
Direktoratet for e-helse (Norwegian Directorate for e-health) er et fag- og myndighetsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.
Direktoratet for e-helse skal sørge for nasjonal styring og koordinering i samarbeid med helseføretak, kommunar, fagmiljø og interesseorganisasjonar.
Visjonen vår er å skape eit enklare Helse-Noreg.
Samfunnsoppdraget til direktoratet
Direktoratet for e-helse skal styrke digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren for å understøtte effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester.
Direktoratet skal legge til rette for nasjonal samordning og ein heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling.
Relevante dokumenter
Hovedinstruks for Direktoratet for e-helse (PDF)
Virksomhetsstrategi for Direktoratet for e-helse
Årsrapport 2019 Direktoratet for e-helse (PDF)
Årsregnskap 2019 Direktoratet for e-helse (PDF)
Årsregnskap 2018 Direktoratet for e-helse (PDF)
Finn ein tilsett
Leter du etter kontaktinformasjonen til ein av våre tilsette? Då kan du søke på namnet i søkefeltet oppe til høgre.
Bakgrunn og historie
Direktoratet for e-helse vart oppretta 1. januar 2016 på bakgrunn av behovet for sterkare nasjonal styring og betre organisering av IKT-feltet i helse- og omsorgssektoren.
Etableringa skulle gi auka nasjonal satsing på digitalisering i helsetenesta for å oppnå auka kvalitet og effektivitet, betre samhandling mellom helseaktørar og tilrettelegging for ei meir aktiv pasientrolle.
1. januar 2020 vart dei nasjonale e-helseløysingane e-resept, kjernejournal, grunndata og helsenorge.no overført frå Direktoratet for e-helse til Norsk Helsenett (NHN) for å nå helsepolitiske mål om betre kvalitet, auka pasientsikkerheit og effektiv ressursbruk
Den nye organiseringa av e-helseområdet forsterkar styresmaktsrolla til Direktoratet for e-helse, medan NHN er nasjonal tenesteleverandør for helsesektoren.
Fakturaadresse
Elektronisk faktura på EHF-format:
Organisasjonsnummer 915 933 149
Papirfaktura i posten:
Direktoratet for e-helse
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim
Organisasjon
Direktoratet for e-helse har 145 tilsette (per 1.1.2020) og ledes av fungerende direktør Karl Vestli.
Hovudkontoret ligg i Oslo og éi avdeling er lokalisert i Trondheim.
Organisasjonskart Direktoratet for e-helse (PDF)
Direktør
Avdeling organisasjon
Avdeling kommunikasjon
Avdeling helsedataservice
Avdeling legemidler
Divisjon strategi
Avdeling utredning og samarbeid
Avdeling innsikt og innovasjon
Avdeling nasjonal styringsmodell
Avdeling innbygger
Avdeling jounal og helsepersonell
Divisjon samhandling
Avdeling helsefaglige kodeverk og terminologi
Avdeling juss og informasjonssikkerhet
Avdeling internasjonale standarder og normering
Avdeling arkitekturstyring
Avdeling område samhandling
Divisjon porteføljestyring
Avdeling portefølje
Avdeling økonomisk analyse
Avdeling program- og prosjektledelse
Tildelingsbrev
2021
2020
Tillegg 1 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 2 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 3 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 4 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 5 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 6 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 7 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 8 tildelingsbrev 2020 (PDF)
Tillegg 9 tildelingsbrev 2020 (PDF)
2019
Tillegg 1 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 2 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 3 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 4 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 5 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 6 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 7 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Tillegg 8 tildelingsbrev 2019 (PDF)
Om e-helse
E-helse blir definert som bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) for å betre effektivitet, kvalitet og sikkerheit i helse- og omsorgssektoren.
På helsenorge.no finst sjølvbeteningsløysingar for deg som innbyggjar.
Digitale tenester skal gjere kontakten enklare og bidra til at befolkninga opplever helse- og omsorgstenesta som samstemd og tilgjengeleg.
E-helse har innverknad på dei fleste funksjonar i helsetenestesystemet og vil ved riktig bruk i kombinasjon med organisasjonsutvikling og sterkt fokus på samarbeid, effektivisere arbeidsprosessane og forbetre kvaliteten på helsetenestene.
Felles IKT-løysingar
Riktig bruk av IKT skal:
- Mogleggjere ei pasientsentrert helse- og omsorgsteneste
- Støtte kunnskapsbasert praksis, forenkle arbeidskvardagen til helsepersonell og slik bidra til å gjere sektoren til ein attraktiv arbeidsplass
- Samle inn og gjere helsedata av god kvalitet tilgjengeleg for helseovervaking, styring og forsking
- Bidra til ein faktabasert offentleg debatt om utviklinga av helse- og omsorgssystemet
IKT-systema som vert nytta av helsepersonell i dag støttar i for liten grad opp under at nødvendige helseopplysningar skal følge pasienten gjennom heile pasientgangen. Ein av grunnane til dette er at helse- og omsorgssektoren består av mange sjølvstendige verksemder som sjølv har ansvar for prioriteringar, anskaffingar og drift av egne system. Dette har resultert i mange enkeltståande og ulike løysingar.