Søk

Avgjerande helsedata-nyheit: Endringar i helseregisterloven einstemmig vedtatt

– Dette er ei svært god nyheit for den norske befolkninga og alle som jobbar med helseforsking og utvikling av legemiddel og behandlingsmetodar, seier Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse.

– Endringane i helseregisterloven er ein føresetnad for det vidare arbeidet med Helseanalyseplattforma og Helsedataservice, som vil vere avgjerande bidrag til meir og betre helseforsking og betre folkehelse, understrekar Bergland.

Det einstemmige vedtaket om endringar i helseregisterloven blei fatta på Stortinget tysdag 17.november.

Christine Bergland_web
Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse.

 

Meir og betre helseforsking

Helsedataprogrammet i Direktoratet for e-helse har allereie levert ei rekke tenester på veg mot målet om betre utnytting av helsedata og meir og betre helseforsking. Snart kjem nøkkelleveransane Helseanalyseplattforma og Helsedataservice.

Helseanalyseplattforma skal vere ei teknisk plattform som forenklar tilgangen til helsedata, og legg til rette for analysar på tvers av datakjelder.

Helsedataservice skal bli forvaltnings- og serviceorganisasjonen og kontaktpunkt for alle som søkar om helsedata.

Føresetnad for å få data frå helseregistera på Helseanalyseplattforma

Marianne Braaten, programleiar i Helsedataprogrammet, utdjupar kvifor endringane er føresetnader for det vidare arbeidet:

– For det første gjer lovendringane det mogleg å etablere Helseanalyseplattforma med data frå helseregistera. For det andre lovfestar dei at Helsedataservice skal få vedtaksstyresmakt for tilgjengeleggjering av data frå Helseanalyseplattforma.

– Nå kan vi ta det store spranget med å etablere Helseanalyseplattforma og Helsedataservice fullt ut, få utnytta den unike folkehelse-gullgruva helsedataa våre er, understrekar Braaten.

Marianne Braaten
Marianne Braaten, programleiar Helsedataprogrammet.

Ei ny forskrift for nasjonal tilgjengeleggjering av helsedata skal regulere formålet med Helseanalyseplattforma og Helsedataservice. Forskrifta blir snart sendt ut på høyring.

Helsedataprogrammet blir gjennomført av Direktoratet for e-helse i samarbeid med mellom anna Forskningsrådet, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Kreftregisteret, Norsk Helsenett, dei regionale helseføretaka, forskingsinstitusjonar, kommunesektoren og næringslivet.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei