Hopp til hovedinnhold

Om MF Helse

Noreg har fått eit nytt, modernisert folkeregister med nær sanntidsoppdaterte folkeregisteropplysningar. Alle aktørar i helsesektoren blir ramma. Modernisert folkeregister medfører at helse- og omsorgstenesta må ta omsyn til ny informasjonsmodell, nye grensesnitt og nye tenester. Arbeidsprosessar og løysingar må tilpassast.

Overordna skal MF Helse etablere tre løysingar:

  • Persontenesta
  • Elektronisk melding om død
  • Elektronisk melding om fødsel.

I tillegg har programmet greidd ut løysing for felles, nasjonalt hjelpenummer.

Persontenesta

Persontenesta skal erstatte dagens Personregister (PREG).

Programmet jobbar no med å utvikle og teste ny løysing for å tilby dei grunnleggjande personopplysningane sektoren har behov for.

Alle verksemder i helse- og omsorgssektoren som bruker folkeregisteropplysningar gjennom PREG, oppslag hos TietoEvry (Infotorg) eller gjennom lokale kopiar, må derfor gjere interne tilpassingar og gå over på den nye tenesta.

Det vil bli moglegheit for påkopling frå 2022.

Elektronisk melding om fødsel og død

Verksemdene oppdaterer Folkeregisteret med både melding om fødsel og melding om dødsfall. Nasjonal innføring av elektronisk melding om dødsfall og dødsårsak starta i mars 2020.

Frå 1. januar 2022 er det lovpålagt å melde dødsfall og dødsårsak elektronisk. Elektronisk melding om fødsel er implementert på alle helseføretak med fødeavdeling.

Meir informasjon om Persontjenesten og elektronisk melding om død finn du på nhn.no.

Kartleggje avhengnader

Kvar enkelt kommune og verksemd har fått sjølvstendig ansvar for å kartleggje kva avhengnader dei har til dagens folkeregister, etterspørje nødvendige tilpassingar frå systemleverandørar og etterspørje nødvendig oppgradering av driftsmiljøet sitt.

Leverandørar som leverer system med tilgang til folkeregisteropplysningar må sikre tilpassingar og utvikling i systema sine for at verksemdene skal kunne kople seg mot ny Persontjeneste.

Overordna mål

Programmet skal

  • Innføre ny Persontjeneste i helse- og omsorgstenestene i Noreg
  • Innføre elektronisk melding om dødsfall og dødsårsak
  • Innføre elektronisk melding om fødsel

I tillegg greier Programmet ut nytt nasjonalt hjelpenummer, og hjelper dessutan til med behovskartlegging og gevinstarbeid rundt innføring av produkta over.

Effektmål

Forventa effekt vil vere meir effektiv ressursutnytting i helse- og omsorgssektoren, auka pasienttryggleik og betre personvern og informasjonssikkerheit.

Resultatmål

Programmet skal bidra til at helse- og omsorgssektoren har tilgang til oppdaterte folkeregisteropplysningar i samsvar med nytt, modernisert folkeregister. Når MF Helse er avslutta skal følgjande vere oppnådd:

  • Eksisterande løysing for digital melding om fødsel oppgradert mot nytt folkeregister.
  • Endeleg løysing for digital melding om fødsel er innført.
  • Konseptutgreiing for nasjonalt, felles hjelpenummer er ferdigstilt.
  • Teknisk løysing for digital innmelding av dødsfall er etablert.
  • Alle meldingar om dødsfall i spesialisthelsetenesta blir sende digitalt.
  • Alle meldingar om dødsfall i primærhelsetenesta sendast digitalt (kan meldast frå legevakt, sjukeheimar og legekontor).
  • Modernisert løysing for distribusjon av folkeregisteropplysningar til sektoren er etablert.
  • Sektoren er informert om at dei kan hente folkeregisteropplysningar frå ny løysing.

Sentrale rammevilkår

Dei sentrale rammevilkåra til programmet er gitt i nasjonal e-helsestrategi og handlingsplan 2017-2022. Programmet er underlagt gjeldande lovverk, Direktoratet for e-helses produktstrategiar for nasjonale løysingar og føringar for arkitekturstyring, standardisering, kodeverk og terminologi, og inngår i den nasjonale porteføljen som er prioritert av NUIT.

Tidsplan og organisering

Direktoratet for e-helse etablerte 01.03.2016 eit felles mottaksprosjekt for modernisering av Folkeregisteret i helse- og omsorgssektoren for å koordinere arbeidet med Skatteetaten (SKE) og i sektoren.

Dette inneber å svare opp SKEs konkrete behov i utvikling av modernisering av Folkeregisteret, men samtidig å leggje til rette for at sektoren kan ta i bruk modernisert folkeregister på ein formålstenleg måte. Dette medfører òg behov for å samordne distribusjons- og produksjonsprosessar og etablere felles byggjeklossar i sektoren.

Meir informasjon om Skatteetatens arbeid med modernisering av Folkeregisteret.

Frå 1. oktober 2017 blei arbeidet organisert som eit program: Felles samarbeidsprogram for modernisering av Folkeregisteret i helse- og omsorgssektoren - forkorta MF Helse.

Programmet MF Helse spring ut 2023.

Programmet er eigd av Direktoratet for e-helse . NHN er ansvarleg for leveransane i programmet, og desse blir styrte gjennom oppdragsoppfølging i samsvar med avtale mellom Direktoratet for e-helse og NHN.

Programstyret

NAVN

VIRKSOMHET

Norunn Elin Saure (programeier)

Direktoratet for e-helse

Lars Angell-Jørgensen (programleiar)

Direktoratet for e-helse

Ola Stenseth

Norsk Helsenett (NHN)

Odd Martin Solem

Norsk Helsenett (NHN)

Asbjørn Finstad

KS

Per Olav Skjesol

Helse Midt

Roger Schäffer

Folkehelseinstituttet (FHI)

Ulf Sigurdssen

Helse Sør-Øst

Wenche Snell

Helsedirektoratet (Hdir)

Marianne Henriksen (observatør)

Skatteetaten