Hopp til hovedinnhold

Personvern

Det er avgjerande for god helsehjelp at riktige og oppdaterte helseopplysningar er tilgjengelege for rett person til rett tid.

Å lagre og bruke helseopplysningar er nødvendig for å kunne yte god helsehjelp til den enkelte. Men det er berre dei som treng det som skal sjå og bruke opplysningane.

Sjølvråderett

Eit viktig aspekt ved personvernet handlar om den enkelte sin kontroll over kva slags opplysningar om han eller henne som er tilgjengelege for andre.

Den registrerte må samtykke til helsepersonell si behandling av helseopplysningar, om ikkje anna er bestemt i lov. Den registrerte skal elles så langt som mogleg kunne motsetje seg utlevering og anna bruk av registrerte opplysningar. Denne sjølvråderetten omfattar også rett til diskresjon, fullstendigheit, informasjon, innsyn og elles vern av privatlivets fred.

Personvern og pasientsikkerheit

Det å kjenne seg på trygg på at helseopplysningar ikkje blir spreidd til uvedkomande, er grunnleggande for tillit mellom pasientar og helsepersonell, noko som er ein føresetnad for å kunne yte god helsehjelp. I tillegg til dette er viktige personvernomsyn at opplysningar skal være korrekte og oppdaterte, og tilgjengelege for rett person til rett tid.

Eit av føremåla med personvernlovgjevinga er å sikre at personopplysningar blir brukt på rett måte. Viktige personvernomsyn er at opplysningar skal være korrekte, oppdaterte og tilgjengelege for rett person til rett tid. Godt personvern krev at alle desse omsyna blir tatt hand om. Personvern i betydning rett bruk av informasjon er avgjerande for god pasientsikkerheit og forsvarleg og effektiv helsehjelp. I pasientbehandling er tilgang til rett informasjon kritisk. Manglande tilgang til oppdaterte og korrekte opplysningar om pasienten kan være årsak til dårlegare pasientbehandling og i verste fall feil behandling eller skade.

Innebygd personvern

Nye system og løysingar som blir utvikla i helsesektoren skal så langt det er mogleg ha innebygd personvern. Det inneber at omsynet til personvernet skal være ein del av alle ledd i utviklinga og bruk av informasjonsteknologi. Innebygd personvern betyr at personvern er ein del av arkitekturen til kvart enkelt system og – på eit overordna plan - at personvern er ein naturleg del av alle system innbyggjarane møter i kvardagen.

Relatert innhold

EUs nye personvernforordning

Nasjonal handlingsplan for informasjonssikkerheit (regjeringen.no)

Meld. St. 11 Personvern - utsikter og utfordringar (regjeringen.no)

Relevante lover og forskrifter

Informasjon til privatpersoner om personvern og nettsikkerheit (helsenorge.no)