Søk

Kurs

Normen satsar aktivt på kurs- og opplæringsaktivitet. Her finn du meir informasjon om kursa vi tilbyr.

Kurs og foredrag

Styringsgruppa til Normen vedtok 7.3.2019 Strategi for Normens kurs- og kompetansevirksomhet (PDF).

Kurskalender

Når Kva og kor Påmelding
8.-9. oktober 2020

Dag 1: Introkurs til Normen

Dag 2: Kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell

Kurset er gratis. Det er mogleg å melde seg på dagane einskildvis.

Stad: Direktoratet for e-helse, Skøyen

Påmelding kommer

Introkurs til Normen

Introkurset til Normen passar for alle som er interesserte i informasjonssikkerheit og personvern i helse- og omsorgssektoren.

På introkurset vil vi gjennomgå:

Intro til Normen
Aktuelle faktaark og rettleiere i Normen
Risikovurdering av informasjonssikkerheit
Normens krav

Kurset passar for alle som er interesserte i dette.

Dette er eit introkurs til våre modulbaserte kurs; informasjonssikkerheit og personvern for kommunar, og kurs i informasjonssikkerheit og personvern for medisinsk-tekniske personell.

Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell

Kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk – teknisk personell er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen, og vil føregå på dag 2. Dette kurset tar utgangspunkt i Normens veileder for medisinsk utstyr – personvern og informasjonssikkerhet.

Etter å ha gjennomført kurs, skal deltakarane vere betre i stand til å implementere Normens krav til behandling av helse- og personopplysningar i medisinsk utstyr med tilhøyrande systemløysingar og applikasjonar på ein praktisk måte.

Tema for kurset for medisinsk-teknisk personell er:

Medisinsk utstyr og digitale sårbarheter v/HelseCERT
Normens krav og tilrådingar frå kravspek til innføringsprosjekt
Helseopplysninger i skya
Medisinsk avstandsoppfølging
Normens fjernaksessrettleiar

Kurset vart første gong gjennomført våren 2017 som obligatorisk kurs for alt medisinsk-personell i Helse Midt-Noreg. Kurset er eit samarbeid med NHN / HelseCERT.

Kurset blir halde primært to gonger i året i lokala til Direktoratet for e-helse på Skøyen. Dersom dere vil at sekretariatet arrangerer dette kurset i verksemda di, kan de sende ein førespurnad til sikkerhetsnormen@ehelse.no.

Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar

Kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar basert på Normen er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen. Dette kurset kan arrangerast som dag 2, etter dag 1 med introkurs.

Kurset blir arrangert i samarbeid med kommunar som tar på seg oppgåva som vertskap for kurset. Det er ein føresetnad for kurset at kommunen samarbeider med andre kommunar i regionen. Personvernombod/ informasjonstryggingsleiar bør delta for å fortelje om personvern og informasjonssikkerheit i kommunen.

Tema for kommunekurset kan vere informasjonssikkerheit og personvern i velfersteknologi, medisinsk avstandsoppfølging, innkjøp, arbeid med informasjonssikkerheit og personvern i eigen kommune, styringssystem mv.

Kommunar kan velje mellom todagars kurs (introkurs til Normen og kommunekurs) eller éindags kurs (introkurs til Normen, og nokre utvalde tema spesifikt for kommunar). På todagars kursa legg vi opp til workshop, diskusjonar og rettleiing om utvalde utfordringar kommunane står ovanfor i samarbeid med samarbeidspartnarane våre.

Ein revidering av kommunekurset vil prøvast ut i løpet av våren 2020.

Kommunar som er interesserte i å arrangere kursa, kan kontakte sekretariatet på sikkerhetsnormen@ehelse.no.

Merk at kursinnhaldet vil utviklast over tid grunna revidering av rettleiarane.

Andre kurs og foredrag

Sekretariatet for Normen held innlegg om det meste innan personvern og informasjonssikkerheit i helse på ulike konferansar og forum. T.d. hos fysioterapiforbundets kursing av nye enkeltpersonføretak, primærmedisinsk veke (PMU), Sikkerhetsfestivalen, NSH kurs, kurs for kommuneleiinga, ulike sikkerheits- og e-helsekonferanser i inn og utland.

Vi strekker oss langt for å imøtekomme behova for opplæring og innhald. Ta kontakt på sikkerhetsnormen@ehelse.no

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt oss på sikkerhetsnormen@ehelse.no.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei