Hopp til hovedinnhold

Vellykka bruk av SNOMED CT i journalar

Direktoratet for e-helse avslutta nyleg eit prøveprosjekt med praktisk bruk av SNOMED CT i eit elektronisk pasientjournalsystem (EPJ) for tannlegar.

SNOMED CT er ein standardisert og maskinlesbar medisinsk terminologi. Det er ein sentral del av arbeidet med å realisere målbildet for Felles språk i helse- og omsorgssektoren.

– Piloten viste oss at det ikkje treng å vere så komplisert å ta i bruk SNOMED CT i eit elektronisk pasientjournalsystem, seier Jørn André Jørgensen, seksjonssjef for normering terminologi i avdeling for helsefaglege kodeverk og terminologi. Han er òg utdanna tannlege frå Universitetet i Oslo.

Avhengig av Felles språk

Helsevesenet er svært samansett, og det er mange aktørar og system som skal snakke saman for å gi best mogleg behandling for pasienten. Informasjon som blir dokumentert gjennom eit pasientforløp skal kunna gjenbrukast undervegs, og for å få til dette er Felles språk ein føresetnad.

– Direktoratet jobbar no med det vi kallar eit Felles språk. Felles språk består av ein helsefagleg terminologi, strukturert dokumentasjon av informasjon om helsehjelp og relasjonane som bind terminologien til andre kodeverk og til registervariablar, forklarer Jørgensen.

– Automatisk uthenting av informasjon frå pasientjournalar til både kvalitetsregister og helseanalyseplattforma, er avhengig av eitt felles språk og at det òg er viktig for å få flyt i kommunikasjon, sa helseminister Bent Høie til Dagens Medisin da han i fjor haust la fram ei satsing på Felles språk i statsbudsjettet for 2020.

Jørn André Jørgensen
Jørn André Jørgensen er seksjonssjef for normering terminologi i avdeling for helsefaglege kodeverk og terminologi i Direktoratet for e-helse. Han er òg utdanna tannlege frå Universitetet i Oslo.

SNOMED CT er veleigna for journalsystem

– I prøveprosjektet testa vi om eit vanleg journalsystem for tannlegar kunne nytte seg av SNOMED CT, som er grunnlagsterminologien i arbeidet med Felles språk.

Tannhelsejournalen er visuell og strukturert. Ein diagnose eller prosedyre blir dokumentert i ei visuell framstilling av tennene i journalen.

– Denne måten å skrive inn data på ein strukturert måte, gir eit godt grunnlag for å gjenbruke informasjonen. Problemet til no har vore at informasjonen ikkje lèt seg samanlikne på tvers av system, sidan det ikkje er ein felles definert standard for korleis kvart omgrep skal kodast. Dette gjorde vi ved å bruke SNOMED CT, fortel Jørgensen.

SNOMED CT er ein terminologi laga for å gi presise faglege skildringar. Dette i motsetning til til dømes ICD-10, som er laga for klassifisering og statistikkformål. Det betyr i praksis at all klinisk relevant informasjon kan uttrykkast ved hjelp av SNOMED CT-omgrep.

– Det gjer den godt eigna til bruk i journalsystem, seier Jørgensen. Han fortel at prøveprosjektet gav verdifull erfaring i å jobbe med SNOMED CT, som til dømes kunnskap om å lage nye omgrep og å trekke ut avgrensa sett som skal brukast i implementeringa.

– Dette er erfaring vi tar med oss når vi no er i gang med å bygge ein første versjon av Felles språk for helse- og omsorgssektoren, konkluderer Jørgensen.

Her finn du ein video med Jørgensen der han forklarer meir om prøveprosjektet (7 min, Vimeo)