Søk

Kva er helsenorge.no?

helsenorge.no er den offentlege helseportalen for innbyggjarar i Noreg. Direktoratet for e-helse har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.

Ser du etter kjernejournalen din, e-resept eller skal du bytte fastlege? På helsenorge.no finn du sjølvbeteningsløysingar for deg som innbyggjar.

Portalen helsenorge.no presenterer også informasjon om førebygging, helse, sjukdom og behandling. Innhaldet blir levert av ulike aktørar i helsesektoren.

Slik bruker du helsenorge.no

Last ned vår brukerveiledning for helsenorge.no (powerpoint).

Last ned vår brukerveiledning for helsenorge.no (PDF)

Helsenorge.no - a brief guide - English (PPT)

Helsenorge.no - a brief guide - English (PDF)

Enklare møte med sektoren

helsenorge.no er laga for å gjere den enkelte pasient, pårørande og innbyggjar sitt møte med helsetenesta enklare, og hjelpe dei med å oppnå større grad av meistring, ei styrka pasientrolle og betre helse.

helsenorge.no skal:

  • gjere det enklare å finne fram til og velje behandlar
  • gje tilbod til eigne helseopplysningar
  • gje tilbod om sjølvbetenings- og sjølvhjelpsmoglegheiter
  • gje informasjon og råd om god helse og livsstil, symptom, sjukdom, behandling og rettar

Sjølvbeteningsløysingar

Ved å logge deg inn på helsenorge.no får du som innbyggjar tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar og du kan sjå helseinformasjon som er registrert om deg. 

Du kan mellom anna : 

  • Sjå og redigere din kjernejournal
  • Byte fastlege
  • Få oversikt over dine reseptar (e-resept)
  • Sjekke dine vaksinar 

Nokre tenester vil berre vere tilgjengelege for enkelte delar av landet.

Helfo

Helfo forvaltar oppgjer til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, og dessutan individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til mellom anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.

All informasjon om Helfo sine tenester, som frikort, finn du som privatperson også på helsenorge.no.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei