Søk

EPJ-løftet - program for EPJ-utvikling

EPJ-løftet skal bidra til utvikling av IKT verktøy for å sikre kvalitet i pasientbehandlingen, understøtte samhandling og informasjonsformidling mellom aktører i sektoren og mer effektiv ressursbruk.
Fase
Gjennomføring
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
27. oktober 2020

EPJ-løftet handlar om kvalitetsheving av dagens elektroniske pasientjournalar (EPJ).

Bakgrunn og behov

EPJ-løftet består av fleire delprosjekt, der krav til funksjonalitet blir basert på brukerstyrte behov, og løysingane er uavhengig av kva EPJ-system som blir brukte.

Delprosjekta er igangsette for fastlegar og avtalespesialistar (oppstart haust 2014), fysio- og manuellterapeuter (oppstart haust 2016).

Følgjande prosjekt er igangsette for fastleger og avtalespesialister etter takstforhandlinga:

 

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2014-2015 (PDF)

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2015-2016 (PDF)

Protokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet  2016-2017 (PDF)

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2017-2018 (PDF)

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2018-2019 (PDF)

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2019-2020 (PDF)

Protokokoll om EPJ-utvikling EPJ-løftet 2020-2021 (PDF)


I kvar av avtaleperiodane er det avsett ei økonomisk ramme på NOK 17 millionar.

Følgjande prosjekt er igangsette for fysio- og manuelterapeuter etter takstforhandlinga:

Takstforhandlinger 2016 - protokoll og avtale (PDF)

Takstforhandlinger 2017 - protokoll og avtale (PDF)

Takstforhandlinger 2018 - protokoll og avtale (PDF)

Takstforhandlinger 2019 - protokoll og avtale (PDF)

I kvar av avtaleperiodane er det avsett ei økonomisk ramme på NOK 3 millionar.

Forventa gevinstar

•    Ta vare på pasientsikkerheit
•    Sikre kvalitet i pasientbehandlinga
•    Understøtte samhandling og informasjonsformidling mellom aktørar i sektoren
•    Understøtte meir effektiv ressursbruk

SKIL har utført gevinstkartlegging på vegne av Direktoratet for e-helse, og brukte dei nemnde gevinstkategoriane i kartlegginga si.

Gevinstrapport EPJ-løftet 2014-2018 (PDF)

Tidsplan og milepælar

Dei ulike prosjekta i programmet følgjer eigne tidsplanar. For detaljert informasjon om eit spesifikt prosjekt, ta kontakt med prosjektleiar i Direktoratet for e-helse.

Rørte aktørar

•    Fastleger
•    Fysio- og manuellterapeuter
•    EPJ-leverandører

Avhengigheter og føresetnader

Programmet er avhengig av eit godt og tett samarbeid mellom brukargrupper, leverandørar, fagforeiningar og styresmakter.

Programmet har ein låg til middels risikoprofil.

Organisering av prosjektet

EPJ-løftet for fastlegar og styringsgruppa til avtalespesialistar er samansett av tre representantar frå Legeforeningen, to representantar frå Helsedirektoratet og ein frå Direktoratet for e-helse. Desse representantane skal følgje opp prosjekta. I tillegg stiller Kommunenes Sentralforbund (KS) med éin representant som observatør i den partssammensatte styringsgruppa. 

EPJ-løftet for fysioterapeutar og manuellterapeuter er eit samarbeid mellom Direktoratet for e-helse, Helsedirektoratet, Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening, Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund og EPJ-leverandører. 

Direktoratet for e-helse leier begge styringsgruppene og har sekretariatsfunksjon.

Direktoratet for e-helse har ansvar for å fasilitere EPJ-løftets tiltak i samsvar med DIFIS prosjektvegvisar. Porteføljerapporteringa skjer til Direktoratet for e-helse, og vidare til NUFA, NUIT og NEHS.

Styringsgruppa har følgjande oppgåver:

  • Godkjenning, igangsetting og oppfølging av igangsette prosjekt
  • Godkjenning av prosjektmandat og prosjektskildringar
  • Fordeling av middel mellom prosjekta, og innsyn i disponering av midla
  • Fremlegging av årlege forslag til nye prosjekt for forhandlingspartane

Direktoratet for e-helse er programeigar og jobbar tett med EPJ-leverandører og brukarrepresentantar for dei ulike EPJ-løftene. Brukarrepresentantane er representerte i arbeidsgruppene til kvart delprosjekt.

Brukarrepresentantane består av allmennleger og fysioterapeutar med lang erfaring i bruk, pilotering, implementering og behovskartlegging av EPJ-systemer.
Brukarrepresentantane og EPJ-leverandørene jobbar tett saman, og har god kjennskap og mange idear til korleis systema kan forbetrast. 

Ny og betre søknadsløysing

EPJ-løftet samhandlar tett med styresmaktene om utvikling av nasjonale løysingar. Ein ny og betre søknadsløysing for individuell stønad til legemiddel og næringsmiddel på blå resept er no tilgjengeleg i den nye tenesteportalen til Helfo og Helsedirektoratet.


Meir informasjon og teknisk spesifikasjon av API-grensesnitt for EPJ-leverandører hos Helfo.

Relatert innhold

Mer informasjon om EPJ-løftet

Fase
Gjennomføring
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
27. oktober 2020