Søk

Digital dialog mellom fastlege og pasient

Prosjektet har utvikla tenester som gjer mogleg sikker digital dialog mellom pasient og fastlege. Desse tenestene er tatt i bruk av mange, og prosjektet jobbar for å auke bruken.
Fase
Avsluttet
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
24. januar 2020

​Bakgrunn og behov

Digital dialog er fire tenester mellom fastlege og pasient som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett. Tenestene er: Bestill time, forny resept, start e-konsultasjon og kontakt legekontoret. Pasienten bruker tenestene ved å logge inn på helsenorge.no, og fastlegen via det elektroniske pasientjournalsystemet sitt

Forventa gevinstar

Høg verdi for pasienten:

- moglegheit til å initiere og delta i dialog med behandlar på eigne premissar på føretrekte tidspunkt
- auka informasjonssikkerheit
- auka tilgjengelighet
- auka valfridom i kontakten med helsetenesta
- auka innsikt i eiga helse
- mogleg betre behandlingskvalitet og betra helse

Høg verdi for fastlegen: 

- moglegheit til betre pro-aktiv oppfølging av pasientar utan vesentleg beslag på kapasitet
- frigjort tid til andre oppgåver
- auka kontroll over arbeidskvardag

Samfunnsmessige gevinstar:

- spart tid (arbeidstid) til konsultasjonar og reise
- byggekloss i e-helse
- likskap i fastlegetilbodet


Les meir om fordelene i artikkelen 10 gode grunnar til å bruke digital dialog.

Tidsplan og milepælar

Direktoratet for e-helse har levert tenestene til fastlegemarknaden, slik at mange innbyggarar har tilgang til dei. Vidare utbreiing vil skje ved at fastlegane inngår avtalar om DDFL med leverandøren sin. Direktoratet gjennomfører tiltak for å støtte denne prosessen.

Ønsker du meir informasjon om prosjektet? Kontakt Direktoratet for e-helse på e-post: dialogfastlege@nhn.no

Rørte aktørar

EPJ-løftet: Digital dialog er eit av prosjekta i denne satsinga.

EPJ-leverandørene: Prosjektet er avhengig av leveransar i dei elektroniske journalsystema slik at fastlegane kan ta tenestene i bruk. Prosjektet er òg avhengige av at leverandørane er aktive i å tilby digital dialog til kundane sine/fastlegar.

Norsk Helsenett: For drift av underliggande infrastruktur.

Nasjonale komponentar og register: Tenestene krev bruk av nasjonale komponentar som Personlig helsearkiv og register som Adresseregisteret og Fastlegeregisteret

Avhengigheter og forutsetninger

  • EPJ-løftet: Digital dialog er et av prosjektene i denne satsingen.
  • EPJ-leverandørene: Prosjektet er avhengig av leveranser i de elektroniske journalsystemene slik at fastlegene kan ta tjenestene i bruk.
  • Norsk Helsenett: For drift av underliggende infrastruktur.
  • Nasjonale komponenter og registre: Tjenestene krever bruk av nasjonale komponenter som Personlig helsearkiv og registre som Adresseregisteret og Fastlegeregisteret.

Risikovurdering

  • Helsepersonell tar ikkje løysinga i bruk eller endrar arbeidsprosessar
    Innbyggarane tar ikkje løysinga i bruk

Organisering og mandat

Prosjektet er organisert i Direktoratet for e-helse.

Informasjon om tjenestene til fastleger

Arbeidar du på eit legekontor og ønsker meir informasjon om korleis du kan komme i gang? Les meir om digital dialog med fastlegen.

Kontakt oss
Bodil Rabben, divisjonsdirektør
Fase
Avsluttet
Tiltakseier
Direktoratet for e-helse
Sist oppdatert
24. januar 2020
Kontakt oss
Bodil Rabben, divisjonsdirektør