Logo for print

Prosjektet skal forenkle rapportering, god datakvalitet og effektive leveransar frå Norsk pasientregister (NPR).

Bakgrunn og behov

Modernisere NPR gjennom seks utviklings- og leveranseprosjekt for enklare rapportering, hyppigare oppdatering, meir automatisert produksjonsprosess, raskare utleveringar, og publiseringar tilpassa behovet til ulike brukarar.

Forventa gevinstar

Kvantitative gevinstar:

• Auka datakvalitet

• Forbetring av arbeidsprosessar

• Auka bruk av data i NPR

• Reduksjon av dobbeltarbeid

Kvalitative gevinstar:

Betre styringsgrunnlag ved auka datakvalitet

Tidsplan, leveransar og milesteinar

• Klinisk relevant tilbakemelding frå NPR (Publiseringsløysing for klinisk relevante data)

• Dagleg oppdatert NPR (Hyppigare oppdaterte data til bruk i nye løysingar)

• NPR som nøkkelregister (Auke leveransane frå NPR til andre register, samordna rapportering)

• Effektivisering av leveransar (Levere innan frist på 95 % av utleveringar)

• Test og validering (Etablere eit heilskapleg system for test og validering av NPR-melding. Målet er å redusere feil i innrapporteringa til NPR)

• Felles og spesialisert mottak (Utvikle ny og meir effektiv mottakløysing for NPR med reduksjon i manuelle prosessar for mottak og kvalitetssikring av data.)

Involverte aktørar

RHF/HF, klinikksjefar/avdelingsoverlegar, klinikarar, analytikarar og forskarar. Rapporterande einingar, inkl. private tenesteleverandørar. Systemleverandørar for EPJ/PAS. Andre helseregister. Helfo, NAV og HOD.

​Fant du det du lette etter?​