Logo for print

Nasjonal styringsmodell for e-helse er etablert for å styrke gjennomføringsevnen av IKT-utviklingen i helse- og omsorgstjenesten (Nasjonal e-helsestrategi 2017 – 2022). 

Nasjonal styringsmodell for e-helse er etablert for å styrke gjennomføringsevna av IKT-utviklinga i helse- og omsorgstenesta (Nasjonal e-helsestrategi 2017 – 2022).

Sterkare nasjonal styring og koordinering av IKT-utviklinga i helse- og omsorgssektoren er eitt av fire strategiske grep som vert trekt fram i Meld. St. 9 Éin innbygger – éin journal (2012-2013).

Føremål

Føremålet med Nasjonalt e-helsestyre, NUIT og NUFA er å nå måla i nasjonal e-helsestrategi, for å ta ut gevinstane av e-helse raskare i helse- og omsorgssektoren.

Nasjonalt e-helsestyre er øvste nivå i nasjonal styringsmodell for e-helse. E-helsestyret samlar toppleiarane i helse- og omsorgssektoren for å samordne og styre e-helseutviklinga i Noreg.

NUIT (Prioriteringsutvalet) innstiller årleg prioritering av nasjonal e-helseportefølje. I tillegg gjev NUIT råd og anbefalingar i taktiske og strategiske problemstillingar.

NUFA (Fagutvalet) skal gje råd og faglege vurderingar knytt til e-helse. Utvalet består av fagpersonar innan helsefag og arkitektur, og dessutan brukarrepresentantar.

Slik fungerer styringsmodellen

NUIT og NUFA skal begge understøtte Nasjonalt e-helsestyre ved å bidra til at avgjerder og vedtak er basert på godt forankra underlag, slik at toppleiarane i Nasjonalt e-helsestyre er trygge på dei avgjerdene som vert teke.

Styringsmodellen endrar ikkje dei etablerte styringslinjene frå Stortinget, regjeringa og departement til etatar, verksemder og kommunar.

Foruma i styringsmodellen er rådgjevande overfor Direktoratet for e-helse.

Samanheng mellom dei nasjonale foruma


 

Dei nasjonale foruma skal involverast i tre hovudprosesser

 

Sist oppdatert: 15. juni 2018

​Fant du det du lette etter?​