Logo for print

Ser du etter kjernejournal, e-resept eller skal du bytte fastlege?

På helsenorge.no finnes selvbetjeningsløsninger for deg som innbygger.

Gå til min helse

m-Helse handlar om mobil helseteknologi som vi har med oss, på oss eller får plassert inne i oss som eit ledd i at helsetenesta skal få tilgang til data om vår helseinformasjon, eller for at vi skal kunne kommunisere og samhandle betre som pasientar eller pårørande.

Løysingane kan vere tekniske måleinstrument av forskjellige slag, smarttelefonar og nettbrett med appar eller anna utstyr kopla til seg.

Sikkerheit for m-Helseløysingar

Det eksisterer allereie ei rekke m-Helseløysingar der mobile einingar, helseappar og liknande verktøy blir nytta. Eksempel kan vere motivasjonsprogram for livsstilsendringar og støtteverktøy til å leve med diabetes.

Det er viktig at pasientar og helsepersonell kan vere trygge på at verktøya er sikre i bruk. Dette gjeld særleg der løysingane skal nyttast i samanheng med behandling og oppfølging av sjukdom. Arbeidet med m-Helse omfattar metodar og rammeverk for standardisering, kvalitetssikring og godkjenning av mobilbaserte verktøy og helseappar.

Internasjonalt m-Helseprosjekt

Verdens helseforsamling vedtok i mai 2012 eit mål om å redusere for tidleg død på grunn av ikkje-smittsame sjukdommar med 25 % innan 2025. Noreg slutta seg til denne globale målsetjinga. Ei oppfølging av dette er det internasjonale rammeprosjektet for mHealth «Be He@lthy – Be Mobile (PDF)», som med oppstart i 2013 blir gjennomført over ein 4-årsperiode i regi av WHO (World Health Organization) og ITU (International Telecom Union).

Føremålet med prosjektet er å nytte mobilbaserte verktøy og helseappar som eit ledd i kampen mot ikkje-smittsame sjukdommar. Det er nedsett nasjonale prosjekt i åtte land. Landa kan delta på ulike måtar; utvikle nye løysingar, nasjonal utbreiing av eksisterande løysingar/appar (mWellness, mCessation (røykeslutt), mDiabetes), tilby støtte i etablering av mHealth-prosjekt i andre land, utvikle indikatorar og evalueringsverktøy og standardiseringsarbeid.

Helsedirektoratets planer i «Be He@lthy – Be Mobile» prosjektet er beskrevet i:
Project l (BP2)/Governance documentation (BP3 and BP4) for mHealth (PDF)

Perspectives and scenarios for mHealth - notat fra Helsedirektoratet (PDF) 

Sist oppdatert: 13. april 2018

​Fant du det du lette etter?​