Søk

Kontaktinformasjon

Her finn du informasjon om kor du primært skal vende deg med spørsmål om helsefaglege kodeverk, DRG-systemet eller ISF-ordninga.

Helsefaglege kodeverk

Alle spørsmål om koding med helsefaglege kodeverk kan sendast til kodehjelp@ehelse.no.

Kva kan vi svare på?

Spørsmål om bruk av dei medisinske kodeverka for diagnosar, undersøkingar og behandlingar. Til dømes:

  • reglar for val av kodar
  • kva for ein kode du skal velja for ein bestemd diagnose
  • kodar for undersøkingar
  • kodar for behandlingsprosedyrar

Unngå personopplysningar. Kodehjelp svarer òg på spørsmål om kodeverk på Volven.no.

Kva er vanleg svartid?

Innan tre veker.

Kven har ansvaret for kodehjelp@ehelse.no?  

Avdelinga for helsefaglege kodeverk i Direktoratet for e-helse. Vi som jobbar her, er helsepersonell, dei fleste legar.

Korleis senda inn forslag til endring i kodar til kodehjelp@ehelse.no?

Fyll ut skjemaet for ønske om endringar i dei helsefaglege kodeverka..

Norsk laboratoriekodeverk​

Spørsmål om bruk av Norsk laboratoriekodeverk sender du til lab@ehelse.no.

Finansieringsordningar i spesialisthelsetenesta

Spørsmål om innsatsstyrt finansiering (ISF) (helsedirektoratet.no), DRG-systemet (helsedirektoratet.no) og særkodar (helsedirektoratet.no) sender du til drginfo@helsedir.no.

Korleis kan eg gi tilbakemelding på om DRG-gruppa er feil?

DRG-gruppering (diagnoserelaterte grupper) høyrer til finansieringsordningane. Helsedirektoratet har ansvar for dette. 

Kven skal eg spørja om refusjonskategoriar for polikliniske radiologiske undersøkingar?

Takstar og regelverk finn du på helfo.no. Helsedirektoratet forvaltar regelverket. Forslag til endringar i refusjonstakstar eller regelverk kan sendast til postmottak@helsedirektoratet.no.

Innrapportering til Norsk pasientregister

Spørsmål om ​dette sender du til helseregistre@helsedir.no.

ATC - Anatomisk, terapeutisk kjemisk klassifikasjon av legemiddel

Folkehelseinstituttet: WHO Collaborating Centre for Drug Statistics Methodology (whocc.no)

Søk ATC-koder (whocc.no)

Fant du det du lette etter?
Ja Nei