Logo for print

​Nordisk Ministerråd si e-helsegruppe skal styrke samarbeidet på e-helseområde i dei nordiske landa og bidra til at e-helse blir sett på som eit tiltak for modernisering av helse- og omsorgstenestene, og ikkje berre som teknologiske tiltak.

Det vert halde 3-5 møte kvart år. Frå Noreg deltar:

  • Helse– og omsorgsdepartementet:
    Kristian Skauli (underdirektør)(kristian.skauli@hod.dep.no)
  • Direktoratet for e-helse: 
    Seniorrådgjevar Helge T. Blindheim (helgetb@ehelse.no)

Etablerte undergrupper

For å understøtte Nordisk ministerråd si e-helsegruppe vart det etablert undergrupper for jus, forsking og e-resept.

Jusnettverket


Jusnettverket skal bidra til å fjerne juridiske hinder for utveksling av pasientinformasjon.

Nettverket skal assistere e-helsegruppa med juridisk rådgjeving på spesifikke og relevante tema på e-helseområdet. I inneverande mandatperiode blir det jobba for å sikre eit juridisk fundament for utveksling av e-reseptar mellom dei nordiske landa.

Forskarnettverket


Forskarnettverket National institute for health and welfare skal utvikle indikatorar og modellar for å måle effektar og nytte av investeringar i e-helse, og mogleggjere samanlikning mellom dei nordiske landa og i breiare internasjonal samanheng, i samarbeid med OECD og andre internasjonale aktørar.

Frå Noreg deltar:

  • NTNU ved Heidi Gilstad (heidi.gilstad@ntnu.no) og Arild Faxvaag (arild.faxvaag@ntnu.no)
  • Nasjonalt senter for e-helseforsking (NSE) ved Hege Andreassen (Hege.Andreassen@telemed.no)

E-reseptnettverket


E-reseptnettverket skal identifisere tekniske føresetnadar for utveksling av e-reseptar mellom dei nordiske landa. Anbefalingane skal bygge vidare på vellukka element frå det EU-finansierte pilotprosjektet epSOS. I samarbeid med jussnettverket skal e-reseptnettverket levere eit rammeverk med juridiske og tekniske føresetnadar for e-resept i dei nordiske landa.

Frå Noreg deltar Direktoratet for e-helse ved Jon-Are Bækkelie (Jon-Are.Baekkelie@ehelse.no).

Sist oppdatert: 28. mai 2018

​Fant du det du lette etter?​