Sideinnhold
EU/EØS-samarbeidet på e-helse har som målsetjing å:
• Forbetre helsa til innbyggjarane ved å gjere kritisk informasjon tilgjengeleg - på tvers av land om naudsynt.
• Auke kvaliteten til helsetenesta og tilgjengelegheit ved å setje e-helse på den politiske dagsordenen, og koordinere landa sine politiske, finansielle og tekniske e-helsestrategiar.
• Sikre effektive, brukarvennlege og breitt aksepterte e-helseløysingar gjennom involvering av helsepersonell og pasientar i strategi, design og implementering.
eHealth Network
I 2011 vedtok EU Pasientrettsdirektivet å opne for at EU/EØS-borgarar kan søkje helsehjelp i andre medlemsstatar. Europakommisjonen peika i den samanhengen òg på behovet for IKT-løysingar som kan sikre at relevant helseinformasjon følgjer pasienten, og at behandlarar kan utveksle informasjon på tvers av landegrenser.
I kjølvatnet av Pasientrettsdirektivet oppretta difor Europakommisjonen eit politisk organ på e-helse – eHealth Network. To gonger i året møtest styresmaktsrepresentantar frå medlemslanda for å sikre heilskap og samanheng i utviklinga av e-helse. Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) representerer Noreg som observatør i desse møta. Direktoratet for e-helse deltek ved behov.
Kontakt i Helse- og omsorgsdepartementet er Kristian Skauli (underdirektør) kristian.skauli@hod.dep.no.
Informasjon om eHealth Network og arbeidsplanen (2014-2018)
eHealth Joint Action
E-helse er eit satsingsområde i EUs tredje helseprogram. I 2015 vart det sett i gong ein eigen Joint Action på e-helse - Joint action to support the eHealth Network (JASeHN).
JASeHN er ei ekspertsamansett gruppe og skal fungere som eit saksførebuande organ for eHealth Network. Det vert utvikla arbeidspakkar på områda:
• Interoperability and standardisation
• Monitoring and assessment
• Knowledge exchange
• Global positioning and cooperation
Frå norsk side deltek Direktoratet for e-helse.
Sist oppdatert: 10. desember 2018