Logo for print

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 tilrår helseminister Beint Høie ei ytterlegare utsetting av elektronisk helsekort for gravide. Grunngivinga er blant anna at det vidare arbeidet må sjåast i samanheng med andre nasjonale e-helsetiltak.

I tråd med vurderinga vår

Direktoratet for e-helse er oppteken av å lage felles løysingar som dekker felles behov. Digitalisering av svangerskapsjournalen må henge saman med digitaliseringa av resten av journalutviklinga i Noreg. Alle oppdrag Direktoratet for e-helse mottek, må sjåast heilskapleg og i eit felles arkitekturarbeid. Målet er å sikre best mogleg utnytting av ressursar, effektiv gjenbruk av felleskomponentar og å styrke totalen av gode e-helseløysingar.

- Utsettinga er i tråd med tilrådinga som direktoratet allereie har gitt. Vi har vore opptekne av å diskutere moglege løysingar med Legeforeininga, Sjukepleiarforbundet og Jordmorforeininga, og fekk eit eintydig råd frå desse som stemde godt med vår eiga vurdering. I praksis ser vi at sjølv om vi ønskjer oss raske løysingar, er det vanskeleg å realisere enkeltståande initiativ. Utfordringa er ikkje å lage den tekniske løysinga, utfordringa er å ta løysinga i bruk og å endre arbeidsprosessar, seier divisjonsdirektør for styring og standardisering i Direktoratet for e-helse, Inga Nordberg.

Kva er elektronisk helsekort for gravide?

Elektronisk helsekort for gravide er digitalisering av opplysningar i samband med svangerskap og fødsel. Elektronisk helsekort for gravide skal vere tilgjengeleg for både helsepersonell og den gravide, styrke kommunikasjonen og gjere det enklare å samle data til forskingsbasert kunnskap om behova i svangerskapet.

Sist oppdatert: 10. desember 2018

​Fant du det du lette etter?​