Logo for print

Vil du se dine e-resepter?

På helsenorge.no finnes selvbetjeningsløsninger for deg som innbygger.

Gå til min helse

Kva er e-resept?

E-resept er ei elektronisk samhandlingskjede for sikker overføring av reseptinformasjon. Denne samhandlingskjeda reduserer risikoen for feil i forskriving og utlevering av legemiddel, og oppfyller strenge krav til sikkerheit og personvern. E-resept er ein byggekloss for andre nasjonale e-helseløysingar, mellom anna kjernejournal og helsenorge.no.

Kvifor e-resept?

E-resept gir ei rekke gevinstar, blant anna ei meir komplett oversikt over legemiddel i bruk, enklare arbeidsprosessar for helsepersonell og raskare saksbehandling. I tillegg får pasienten auka informasjon ved bruk av innbyggartenesta "Legemiddel", som er tilgjengeleg på helsenorge.no.

Her finn du ei oversikt over alle fordelane med e-resept.

Kven brukar e-resept? 

Fastlegane, apotek og bandasjistar

Legekontor, legevakter, apotek og nesten alle bandasjistar nyttar e-resept. I dag er over 80 % av alle reseptar som vert skrivne ut, elektroniske.

Sjukehusa

Det er tilrettelagt for bruk av e-resept på alle dei regionale helseføretaka.

Sist oppdatert: 25. mai 2018

​Fant du det du lette etter?​