Logo for print

Ser du etter kjernejournal, e-resept eller skal du bytte fastlege?

På helsenorge.no finnes selvbetjeningsløsninger for deg som innbygger.

Gå til min helse

På helsenorge.no finst sjølvbeteningsløysingar for deg som innbyggjar.

Digitale tenester skal gjere kontakten enklare og bidra til at befolkninga opplever helse- og omsorgstenesta som samstemd og tilgjengeleg.

E-helse har innverknad på dei fleste funksjonar i helsetenestesystemet og vil ved riktig bruk i kombinasjon med organisasjonsutvikling og sterkt fokus på samarbeid, effektivisere arbeidsprosessane og forbetre kvaliteten på helsetenestene.

Felles IKT-løysingar

Riktig bruk av IKT skal:

  • Mogleggjere ei pasientsentrert helse- og omsorgsteneste
  • Støtte kunnskapsbasert praksis, forenkle arbeidskvardagen til helsepersonell og slik bidra til å gjere sektoren til ein attraktiv arbeidsplass
  • Samle inn og gjere helsedata av god kvalitet tilgjengeleg for helseovervaking, styring og forsking
  • Bidra til ein faktabasert offentleg debatt om utviklinga av helse- og omsorgssystemet

    IKT-systema som vert nytta av helsepersonell i dag støttar i for liten grad opp under at nødvendige helseopplysningar skal følge pasienten gjennom heile pasientgangen. Ein av grunnane til dette er at helse- og omsorgssektoren består av mange sjølvstendige verksemder som sjølv har ansvar for prioriteringar, anskaffingar og drift av egne system. Dette har resultert i mange enkeltståande og ulike løysingar.

Meld. St. 9 Éin innbyggjar - éin journal

Regjeringa ønskjer å modernisere IKT-plattforma og jobbar for ei felles løysing for heile helse- og omsorgssektoren.


Meld. St. 9 (2012-2013) Éin innbyggjar – éin journal (PDF) definerer måla og viser retning for utviklinga av fullstendige IKT-system i helse- og omsorgssektoren.

Sist oppdatert: 21. juni 2018

​Fant du det du lette etter?​