Sideinnhold
Den aukande bruken av teknologi i befolkninga legg grunnlaget for ei endra pasient- og brukarrolle.
helsenorge.no
helsenorge.no vart etablert i 2011 og er ein felles inngangsport til offentleg helseinformasjon og e-helsetenester på nett. Nettstaden tilbyr informasjon om sjukdom, behandling og rettar, og råd og rettleiing for å kunne ta hand om eiga helse. Gjennom tenesta Min helse får brukarane tilgang til nyttige e-helsetenester, som oversikt over eigendelar, vaksinar, reseptar, moglegheit for å byte fastlege og bestille Europeisk helsetrygdkort.
Vestlandspasienten
Vestlandspasientar kan sjå eigne timeavtalar på sjukehus i Helse Vest-regionen.
Sjå dine timeavtalar (vestlandspasienten.no)
Kjernejournal
Kjernejournal samlar utvalde og viktige helseopplysningar og gjev innbyggjar sjølv innsyn i desse via helsenorge.no. Der kan ein sjå opplysningar om sine legemiddel, besøkshistorikk på sjukehus og kritisk informasjon registrert av legen. I tillegg kan innbyggjar sjølv skrive inn opplysningar om nærmaste pårørande, spesielle kommunikasjonsbehov og eiga sjukehistorie.
Opplysningane i kjernejournal skal gje helsepersonell eit meir omfattande bilete av innbyggjaren og innbyggjaren si helse, slik at dei kan gje tryggare helsehjelp.
Digital dialog mellom pasient og fastlege
Digital dialog mellom pasient og fastlege, der innbyggjarane har moglegheit til å bestille time på nett, stille spørsmål til legen (e-kontakt og e-konsultasjon) og fornye reseptar.
Refusjonsordninga ved transport til og frå behandling (pasientreiser)
Pasientreiser skal forenklast med standardiserte satsar og færre dokumentasjonskrav.
Sist oppdatert: 13. april 2018