Søk

Velkommen til Arkitektur- og standardiseringsdagen 2020!

8. september inviterer Direktoratet for e-helse til ein spennande, digital fagdag. Tema for dagen er Grunnmur for samhandling og innovasjon. Aktuelle tema er nasjonal arkitekturstyring, dokumentdeling og historier frå aktørar som har implementert løysingar med basis i tenester på felles grunnmur.

Innlegga skal bidra til betre forståing for kva felles grunnmur er og kvifor han er eit fundament for verksemder som ønsker å utvikla nye nasjonale, regionale og lokale e-helseløysningar. Deltakarane vil få innsikt i innhaldet i felles grunnmur og korleis dei ulike komponentane i grunnmuren kan nyttiggjerast i ulike løysingar.

Aktørar, som har tatt i bruk heile eller deler av grunnmuren i utviklinga av nye løysingar, vil presentera kva moglegheiter og utfordringar dette har gitt i arbeidet deira.

I tillegg vil vi gi informasjon om korleis aktørar som ønsker det kan bidra inn i det nasjonale samarbeidet.

Arrangementet gjennomførast som eit webinar opent for alle, men passar særskild for arkitektar, IT-prosjektleiarar og –beslutningstakara, leverandørar og personar som jobbar med anskaffingar i helse- og omsorgssektoren.

Program kjem seinare og blir publisert på denne sida.

Når
8. september 2020
Hvor
Annonseres senere
Fant du det du lette etter?
Ja Nei