Søk

Stort behov for felles journal

Tilsette i pleie- og omsorgstenesta i Valle kommune bruker mykje tid på å oppdatere og finne rett og viktig informasjon om pasientane. Dei ønsker seg felles journal.

Kommunen kartlegg no kor mykje tid som går til å kvalitetssikre legemiddellister. Dette er tid som kunne vore brukt på pleie og omsorg, men som no går til å leite og oppdatere i system og ta telefonar.

Portrettfoto av Solveig Kyrvestad, sykepleier og leder for pleie- og omsorg i Valle kommune.
Solveig Kyrvestad, sjukepleiar og leiar for pleie og omsorg i Valle kommune.

– Brukarane våre har ofte eit komplisert sjukdomsbilde og legemiddellistene kan innehalde opptil 20 legemiddel. Vi må vere heilt sikre på at desse stemmer, fortel sjukepleiar og leiar for pleie og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.

Dei tilsette kan bruke fleire timar på å legge inn og kontrollere legemidla, i tillegg til å legge klart medisinar.

– Viss noko i epikrisen er uavklart, må vi snakke med sjukehuset viss brukaren kjem derfrå. Ofte må legevaktlege òg involverast, forklarer Kyrvestad.

Ho etterlyser system som sørger for at rett informasjon om pasienten er tilgjengeleg til rett tid.

–  Dette er viktig for pasientsikkerheita, men også ein føresetnad for at vi skal kunne effektivisere tenesta og møte utfordringane i framtida med færre hender.
Sykepleier og leiar for pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.

Kan ikkje halde fram som i dag

Situasjonen i Valle kommune er ikkje unik. Éin av tre sjukepleiarar seier at manglane ved dagens journalsystem går ut over pasientane. Wenche P. Dehli, direktør for samfunn og innovasjon i Kristiansand kommune seier til KS.no at dagens situasjon ikkje er bærekraftig.

– Pasientane er lei av å måtte gjenta historia si. Mange av oss har opplevd at helsetenesta manglar viktige og heilskaplege helseopplysningar, og har òg fått kjenne på konsekvensane av dette. I dag må helsepersonell ofte handle utan å ha tilgjengeleg informasjon. Då må vi som kommunale leiarar stille oss spørsmål om vi kan gjere noko og finne løysingar som kan bidra til eit tryggare og meir effektive pasientforløp, forklarer Dehli.

Akson - felles kommunal journal

Direktoratet for e-helse jobbar no med eit forprosjekt for ein felles kommunal pasientjournal og løysingar som knyter helse-Noreg betre saman. Tiltaket har fått namnet Akson, og målet er at rett informasjon er tilgjengeleg for helsepersonell når dei treng han.

– Vi jobbar for at alle som er i kontakt med helsevesenet skal få trygg helsehjelp. Dei tilsette skal ha arbeidsverktøy for å gjere jobben sin bra og leiarar skal kunne bruke ressursane på ein måte som kjem innbyggarane til gode. Akson vil bidra til dette.
Christine Bergland, direktør i Direktoratet for e-helse

I februar leverer direktoratet sin tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet om korleis Akson bør gjennomførast.

Store mål, men stegvis gjennomføring

I forprosjektet har Direktoratet for e-helse undersøkt korleis behova i kommunane kan løysast. I juli 2018 tilrådde Direktoratet for e-helse eit konsept for heilskapleg samhandling og felles kommunal journal, den gong kalla konseptval 7 (K7), no Akson.

– Vi har store mål, men tilrår ein stegvis gjennomføring. Først må vi skaffe ei felles journalløysing. Denne må tilpassast behovet til kommunane og deretter gradvis innført, forklarer Bergland.

Forprosjektrapporten vil òg beskrive korleis løysingane vil ta vare på behovet for innovasjon.

– Vi vil legge til rette for innovasjon og næringsutvikling og legge vekt på at ei felles kommunal journalløysing har opne grensesnitt. Innovasjonen vil skje på toppen av journalløysinga, utdjupar Bergland.

Samhandling i nasjonale e-helseløysingar

Akson vil òg knyte helse-Noreg betre saman ved å vidareutvikle dei nasjonale e-helseløysingane, mellom anna legemiddellista til pasienten.

– Tolv prosent av innleggingane på sjukehus kjem av feil bruk av legemiddel. Vi vil mellom anna jobbe for at alle i helse- og omsorgssektoren bruker same legemiddelliste, der dei har ei god oversikt i sanntid, seier Bergland.

Etter at forprosjektrapporten er levert, skal tilrådingane kvalitetssikres eksternt (KS2) innan juni 2020, før ei behandling i Stortinget. Dette er i tråd med statens prosjektmodell for store investeringar (regjeringen.no).

Les meir om Akson.

Akson
Fant du det du lette etter?
Ja Nei