Hopp til hovedinnhold

Nytt utval for internasjonale e-helsestandardar

Standardiseringsutvalet skal sørge for ei meir effektiv utvikling av e-helseløysingar gjennom auka bruk av internasjonale standardar.

Internasjonal standardisering vil bidra til effektive og trygge helse- og omsorgstenester ved å styrke digitaliseringa nasjonalt. Standardiseringsutvalet legg òg til rette for føreseielegheit for leverandørane og gir dei moglegheiter til å utvikle forretningsområda sine.

Standardiseringsutvalget-png
Helseinstitusjonar, kommunar, leverandørar og standardiseringsorganisasjonar er med i Standardiseringsutvalet.

Ønsker breiare deltaking

– Vi ønsker at leverandørar og verksemder i sektoren i større grad enn tidlegare skal bidra i utviklinga av standardane, seier Hans Løwe Larsen, avdelingsdirektør for arkitekturstyring og standardar i Direktoratet for e-helse.

I dag består Standardiseringsutvalet av 17 aktørar. Både helseinstitusjonar, kommunar, leverandørar og standardiseringsorganisasjonar er representert. Helseregionane er berre representert med ein medlem; Helse Sør-Øst. Dette ønsker Løwe Larsen å gjere noko med:

– Direktoratet ser eit behov for at aktørane i sektoren sjølv bidrar med ressursar og deltar inn i standardiseringsprosessane, og vi ønsker fleire kommunar og regionale helseføretak velkommen. Vi treng innspel frå sektoren om behova og erfaringane deira. Vi ønsker òg å styrke og koordinere norsk deltaking i relevante internasjonale forum, seier Løwe Larsen.

Hans Løwe Larsen_web
Hans Løwe Larsen.

Leverandørane godt representert

Leverandørar som Aspit, IBM, DIPS og Sectra er representerte i utvalet. Stephen Bølstad er ansvarleg for helsesektoren i standardiseringsorganisasjonen GS1 Norway. Han er glad for at bransjeaktørane nå er i gang med å finne felles løysingar for helse- og omsorgssektoren i Noreg:

–  Fokuset på dette arbeidet er både riktig og viktig framover. Vi deler oppfatninga om at framtidige standardar i helseomsorga i større grad bør baserast på internasjonale standardar. Dette er vesentleg for å kunne ta i bruk nye samhandlingsmodellar på ein effektiv måte, også internasjonalt, seier Bølstad.

Forankra i nasjonale strategiar

Mandatet til utvalet er forankra i Nasjonal e-helsestrategi og handlingsplan 2017–2022 og Plan for utvikling av felles grunnmur for digitale tenester i helse- og omsorgstenesta. Desse peiker på at framtidige standardar i større grad bør vere basert på internasjonale standardar for å kunne ta i bruk nye samhandlingsmodellar som datadeling og dokumentdeling på ein effektiv måte.