Søk

Nye retningslinjer for bruk av SNOMED CT

Direktoratet for e-helse tilrår at SNOMED CT alltid skal vurderast som helsefagleg terminologi for nye e-helseløysingar.

SNOMED CT er ein standardisert og maskinlesbar medisinsk terminologi som gir presise faglege skildringar. Ein av fordelane er at klinisk informasjon kan uttrykkast ved hjelp av slike omgrep. Direktoratet for e-helse tilrår at SNOMED CT skal vurderast som helsefagleg terminologi ved innkjøp eller utvikling av e-helseløysingar.

Forventar store gevinstar

– SNOMED CT kan gi store samhandlingsgevinstar for aktørane som tar det i bruk, seier Alfhild Stokke, avdelingsdirektør for helsefaglege kodeverk og terminologi i Direktoratet for e-helse.

– Gode helsefaglege kodeverk og riktig registrering av kodar er utgangspunktet for gode helsedata. Dette gjer at styresmaktene kan følge med på helsa til befolkninga, oppdage endringar i sjukdomsmønsteret og fordele ressursar i helse- og omsorgstenesta, seier ho.

alfhild-stokke-2500px
Alfhild Stokke, avdelingsdirektør Helsefaglige kodeverk og terminologi

Det er Direktoratet for e-helse som har ansvar for utvikling og forvaltning av nasjonale helsefaglege kodeverk og terminologiar.

Den nye Helseplattforma i Midt-Noreg vil lansere ei terminologibasert løysing der dei har behov for terminologi på norsk som er knytt til andre norske kodeverk. I tillegg blir det planlagt få bruke SNOMED CT i Akson, som skal gi heilskapleg samhandling og felles kommunal journal i resten av Noreg.

Helsedata følgjer pasienten

SNOMED CT er grunnlagsterminologien i arbeidet med Felles språk.

Med Felles språk meiner vi terminologi som skal nyttast til strukturert dokumentasjon av informasjon knytt til helsehjelp, og dessutan relasjonane som bind han til andre kodeverk og registervariablar. Med Felles språk kan data følge pasienten gjennom heile pasientforløpet ved bruk av ein nasjonal terminologi som blir knytt til relevante kodeverk.

Direktoratet ønsker innspel på val av normeringsnivå for retningslinjene og om dette kan påverke korleis SNOMED CT blir tatt i bruk (Excel-skjema). Frist for innspel er måndag 31. august 2020.

Direktoratet vil oppsummera innspela og endringane som desse medfører før første versjon av retningslinja blir vedtatt. Retningslinja er publisert på ehelse.no.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei