Søk

Nye ehelse.no lansert i dag

Direktoratet for e-helse lanserte i dag dei nye nettsidene sine. Målet er å gjere nettsidene betre for deg som bruker dei, og samtidig gjere e-helse forståeleg for fleire.

Det kan vere lenker som ikkje fungerer eller noko som ikkje ser heilt riktig ut no i starten. Ser du noko som er feil, vant gjerne eit par dagar og sjekk igjen.

Om du har tilbakemeldingar, ta gjerne kontakt med oss på webredaksjon@ehelse.no.

Nye temasider

Nettsidene har fått eigne sider for sentrale tema som personvern og informasjonssikkerheit, helsedata og velferdsteknologi. Målet er å samle relevant innhald som sentrale dokument, arrangement og videoar for tema som mange er opptatt av.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei