Helsedata.no skal gjere det enklare for forskarar og andre å få tilgang til helsedata. Ein variabelutforskar gir oversikt over variablar i dei mest brukte helseregistera. Her kan brukarar velje ut data, lagre lister på sin eigen profil og legge direkte inn i søknadsskjemaet.
Nå har helsedata.no og variabelutforskaren blitt enda betre. Helsedataprogrammet i Direktoratet for e-helse lanserte nyleg ein ny versjon med integrasjon med den nasjonale variabelkatalogen HealthTerm.
– Integrasjonen inneber at variablar for fleire register nå vil bli presentert på helsedata.no, seier programleiar Marianne Braaten.
– Dette forenklar arbeidet med å spesifisere datasett i søknader for forskarar og andre. Dermed bidrar det òg til enklare saksbehandling av søknadene, understrekar Braaten.
Integrasjonen med HealthTerm gjer det òg enklare for registerforvaltarane å halde ved like metadata.
Den nye versjonen av variabelutforskaren inneheld i tillegg til dei dataa som var tilgjengelege frå før også data frå Kreftregisteret, inklusiv Nasjonalt kvalitetsregister for prostatakreft, Kommunalt pasient- og brukerregister, Nasjonalt vaksinasjonsregister og Forsvarets helseregister.
Helsedataprogrammet jobbar kontinuerleg med å få på fleire datakjelder i variabelutforskaren. Per i dag er følgjande register tilgjengelege:
I tillegg er det gjort betydelege betringar i visninga av variablane. Den nye måten gjer det mogleg å presentere dataa på ein måte som liknar meir på måten dei er strukturerte på i dei ulike registera.
Variabelutforskaren på helsedata.no har fram til nå vore basert på importerte filer frå databasen Eutro, som blei etablert i det nasjonale og infrastrukturprosjektet Health Registries for Research (HRR) 2014- 2019.
– Grunnlagsjobben frå HRR har vore til stor nytte i arbeidet med å kunne vise kva variablar registera inneheld på helsedata.no, seier Braaten.
Ei testgruppe har kvalitetssikra den nye versjonen av variabelutforskaren fram mot lansering. I tillegg til å vurdere datagrunnlaget, har dei òg gitt innspel på funksjonalitet og brukaroppleving i variabelutforskaren.
Testgruppa har bestått av Kari Anne Ofstad, Heidi Jensberg og Kristian Holst frå NPR/KRP (Hdir), Kristin Eik frå Kreftregisteret, Elin Anita Fadum frå Forsvarets Helseregister og Hilde Synøve Bakken, Øystein Jonasson og Kari Husabø frå FHI.