Søk

Nasjonal porteføljestyring: Saman skaper vi pasientens helseteneste

Direktoratet for e-helse vil vidareutvikle nasjonal porteføljestyring. Målet er å legge til rette for effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester. Det gjer vi ved å etablere ein sterkare nasjonal samordning av digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren.

– Vidareutviklinga av e-helseporteføljen skal gi føreseielegheit for heile helse- og omsorgssektoren, nasjonal merksemd om e-helsetiltak og legge til rette for openheit og kunnskapsdeling, seier Siv Ingebrigtsen, avdelingsdirektør for portefølje- og områdestyring i Direktoratet for e-helse.

Til no har alle program og prosjekt i nasjonal e-helseportefølje vore behandla likt med omsyn til rapportering og prioritering. Rutinane har vore tilpassa dei store og langvarige e-helsetiltaka med relativt sikker finansiering.  

siv-ingebrigtsen-2500px
Siv Ingebrigtsen, avdelingsdirektør for portefølje- og områdestyring i Direktoratet for e-helse. Foto: Direktoratet for e-helse.

– Vi ønsker å styrke samstyring og koordinering på delar av porteføljen og avgrense oppfølging og administrasjon av andre delar, seier Ingebrigtsen.

Nasjonal porteføljestyring er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i nasjonal e-helsestrategi. Den nasjonale e-helseporteføljen skal gi helse- og omsorgssektoren ei felles retning i e-helseutviklinga og betre oversikt over alle tiltaka i sektoren.

Vi lykkast best saman

Vidareutviklinga av nasjonal porteføljestyring vil påverke aktørane i helse- og omsorgssektoren. Ei sterkare nasjonal samordning vil legge til rette for at vi saman kan gjere gode prioriteringar på solide avgjerdsgrunnlag.

– Gjennom arbeidet i den sektorsamansette arbeidsgruppa og ved drøfting i dei nasjonale utvala, blir aktørane involvert i sentrale delar av endringsforslaga, seier Ingebrigtsen.

Arbeidet skal resultere i forbetra prosessar for porteføljestyring, nye verktøy og betre rettleiing til dei som skal melde inn nye tiltak.

OEI_3193
Tett samarbeid, felles retning og felles planar kjem pasientar, pårørande og helsepersonell til gode. Foto: Øyvind Eide.

– Vi står saman om måla for effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester. Nasjonal styringsmodell, med nasjonale utval og nasjonal porteføljestyring, er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Tett samarbeid, felles retning og felles planar kjem pasientar, pårørande og helsepersonell til gode, seier Ingebrigtsen.

Vegen vidare

Utviklinga av nasjonal porteføljestyring vil vere ein kontinuerleg prosess og må sjåast i samanheng med andre initiativ og prosessar.

– Det går føre seg ei rekke initiativ som nasjonal porteføljestyring grensar opp mot. Det gjeld mellom anna nasjonal arkitekturstyring og strategisk vegkart for dei nasjonale e-helseløysingane. Vegkartet vil bli eit viktig verktøy for å gjere betre avgjerder. Det er avgjerande at vi ser vegkartet og dei gevinstane dette vil gi i samanheng med vidareutviklinga av nasjonal porteføljestyring, seier Ingebrigtsen.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei