– Arbeidet med koronaporteføljen går no inn i ein ny fase der vi bruker tid på oppfølging og gjennomføring av dei tiltaka som har vorte prioriterte. Det gjer at vi ikkje tar ei fortløpande vurdering av alle nye forslag vi får, men forslaga blir registeret slik at vi ved ein seinare anledning kan vurdere det, seier Karl Vestli, divisjonsdirektør for strategi og portefølje i Direktoratet for e-helse.
I tett samarbeid med Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, spesialisthelsetenesta, kommunal sektor og Norsk Helsenett har Direktoratet for e-helse vurdert over 320 tiltak. Ut frå desse vart rundt 30 tiltak prioriterte.
– Det har vakse fram eit stort engasjement for å løyse koronakrisa med digitale hjelpemiddel og vi har fått mange gode innspel og idear. Vi er takksame og svært glade for alle tilbod om hjelp og bistand vi har fått, seier Vestli.
I ei krise og beredskapssituasjon er det viktig at nye digitale hjelpemiddel er enkle og raske å innføre og ta i bruk. Det er òg viktig å raskt kunne nå ut til heile befolkninga. I dei fleste tilfelle betyr dette at tiltaka som har vorte prioritert kan koplast til løysingar og plattformer som allereie finst i helsetenesta og som mange allereie bruker.
– Gjennomføring og oppfølging av dei prioriterte tiltaka er viktig for at dei på best mogleg måte skal komme innbyggarar og helsepersonell til gode ved å bidra til å avgrensa smitte, behandle og følgje opp sjuke.
Rundt 30 tiltak er prioriterte, og fleire av desse er allereie gjennomførte eller under innføring.
Her er ei overordna oversikt over dei prioriterte tiltaka per 29. april 2020: